Fleire bilete frå fotograf Eirik Halvorsen

I desember i fjor spelte me på platesleppfesten til Poor Edward. I den anledning var vår gode ven og fotograf Eirik Halvorsen innom og tok nokre flotte foto av oss. Sjekk dei ut her: http://eirikhalvorsen.tumblr.com/post/17420911231/aasland-bros-pa-tou-scene

Posted in Bilete | Merkt , , , , | Kommenter innlegget

Johnny Cash 80 år

Johnny Cash hadde blitt heile 80 år 26. februar 2012. Me feirar skjølvsagt dette med konsert på Kvernhuset1913 25.02 og bursdagsfeiring på Martinique 26.02. Båe desse konsertane har me med oss Margrethe Lunde som gjestesolist. I tillegg til Margrethe blir det fleire gjestar på konserten på Martinique, bl.a. Nils Christian Fossdal.

Posted in Konsertar | Merkt , | Kommenter innlegget

Aaslandbros spelar jòla inn på Stationen!

Som vanleg spelar me jòla inn på Thime Station litle jòlaftan. Konserten startar som vanleg kl. 21.00 og er ferdig innan kl. 23 slik at folk kan koma seg heim i god tid og roa nervane før den store dagen.

CC 200,-

Meir info på thime-station.no

Posted in Konsertar | Merkt , | Kommenter innlegget

Grytekonsert i Langgadå

Me har blitt invitert til å spela på jòlemarknaden i Sandnes, laurdag 17. desember i år. Marknaden opnar 15. desember med ein konsert av våre vener i Olav Larsen & The Alabama Rodeo Stars. Dette er eit veldedig arrangement, konserten er gratis og publikum kan bidra til Frelsesarmeen si jòlegryte.

Konserten startar kl. 16.30 med at Varatunes spelar i 20 minutt. Me spelar i om lag 40 minutt frå kl. 17.00.

Lenkje til arrangementet på Facebook: https://www.facebook.com/events/135912459851522/

Posted in Konsertar | Merkt , | Kommenter innlegget

Ny nettside

Me har pussa opp nettsida vår og lover å oppdatera ho jamt og trutt. Her finn du kontaktinformasjon, pressebilete, stageplot og teknisk rider samt lenkjer til Facebook-sida og Twitter-kontoen vår.

Posted in Informasjon | Merkt | Kommenter innlegget