Sandnes Kulturhus

Sommaren er over og me har hatt enormt mange kjekke konsertar rundt omkring i landet! Me avslutta sommaren ved å spela på Fullmånekveldane i Klepp. Den konserten var for øvrig utseld så kjapt at arrangørane sette opp ein ekstrakonsert, som òg vart utseld. Stor stas🙂

12. september 2014 inntar me hovudsalen i Sandnes Kulturhus i lag med ei rekkje musikalske gjestar. Dette gler me oss veldig til! Billettsalet går allereie strålande, så det er lurt å tinga billett no om ein vil ha plass: SandnesKulturhus.no

Posta under Informasjon, Konsertar | Merkt , , | Kommenter innlegget

Senja, Sandnes og festivalsommar!

Så langt i år ha me fått gjort mykje artig. Etter me var ferdige med Tom Waits-prosjektet gjorde me ein konsert heime i Sandnes for eit stappfullt Tribute. Særs moro! I april var me blant anna på Senja; ein nydeleg plass. Me kjem gjerne attende dit!

Mai og juni har vore rolege månadar for oss, ettersom Erlend har vore opptatt med segltur og revyspeling, men no har me endeleg fått starta på sommaren. Vandrefestivalen, Seljordfestivalen og Egersund Visefestival er unnagjort. Seinare i sommar skal me ned til Flekkefjord og ikkje minst fantastiske Eikerapen Roots Festival. Me gler oss!

Me minnar for øvrig om at me 12. sep. 2014 skal spela i hovudsalen i Sandnes Kulturhus med mange spanande gjestar. Set av datoen og ting billettar no!

Posta under Informasjon, Konsertar, Samarbeid | Merkt , , , , | Kommenter innlegget

Utfordring frå teatret og Folken!

Rundt joletider i fjor fekk me ein artig forespørsel: Rogaland Teater og Studentersamfunnet Folken ville gå saman for å laga ein hyllestkonsert til Tom Waits. Spørsmålet var: Hadde Aaslandbros lyst til å vera husband og stå for det musikalske? Me likar utfordringar, så me takka så klart ja! Me har tross alt spelt hundrevis av Cash-konsertar. Det kan vera greitt med eit musikalsk avbrekk av og til🙂

På ganske så nøyaktig to månadar sette me saman eit Tom Waits-show med ei lang rekkje gjesteartistar. Me hyrte inn Dag Sindre Vagle (Helldorado) som hovudvokalist og pianist, og utvida besetninga vidare med Hallstein Otnes på perkusjon og Ole Ellingsen på messingblås og perkusjon. Vidar Schanche på frijazzsolo på ein låt. I tillegg fekk me med oss Einar Stenseng, Jonathan Hall, Olav Larsen, Randi Tytingvåg, Roald Hellum Madland og Silje Vige som gjestevokalistar.

15. februar 2014 fekk 520 publikumarar servert 108 minutt med Tom Waits-songar i eit repertoar som spente over heile tolv album. For å skapa den ultimate Tom Waits-stemninga hadde me fått tak i ei rekkje instrument. Over 27 ulike typar instrument befant seg på scenen, blant anna bass-saksofon, 125 kg ambolt, waterphone, sag og pumpeorgel. Elles så synes me det var utruleg stas at teatret ordna konfetti til Make It Rain🙂

Me hadde så klart med oss vår trufaste konsertfotograf, Eirik Halvorsen, og ikkje minst aller beste Arne Andersen på lyd.

Kort oppsummert vart dette eit hektisk, men utruleg moro sideprosjekt for oss. Veldig kjekt å samarbeida med teatret og Folken!

Jan Zahl frå Stavanger Aftenblad var på konserten. Les om det her: aftenbladet.no

Vokalisten

Dag Sindre på gitar og vokal. Foto: Eirik Halvorsen.

Blåserekkje

Blås er viktig når ein spelar Tom Waits. Foto: Eirik Halvorsen.

Killkenneth

Kenneth, her som perkusjonist. Foto: Eirik Halvorsen.

Schanchen

Vidar stakk innom og gjorde ein kickass gitarsolo. Foto: Eirik Halvorsen.

Roald!

Utruleg kjekt å ha med Roald på lydeffektar og vokal. Foto: Eirik Halvorsen.

Hellhorn

Eitt stykk Hellhorn på blås! Foto: Eirik Halvorsen.

Jonathan

Gjestevokalist Jonathan Hall. Foto: Eirik Halvorsen.

Silje

Silje var gjest på to flotte balladar. Foto: Eirik Halvorsen.

Olav Larsen

Olav kom innom og gjorde ein av Waits sine tidlege countryballadar. Foto: Eirik Halvorsen.

Stenseng

Einar leverer alltid varene. Og meir. Stas! Foto: Eirik Halvorsen.

Tytingvåg

Randi gjorde to nydelege tolkingar av Tom Waits. Foto: Eirik Halvorsen.

Avslutningsnummer

“In The Neighbourhood”. Foto: Eirik Halvorsen

Waterphone

Hallstein og waterphonen. Foto: Eirik Halvorsen

Stoffi

Fundamentet i bandet: Christoffer. Foto: Eirik Halvorsen

Full sal på Folken

Full sal og god stemning. Foto: Eirik Halvorsen

Posta under Uncategorized | Merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , , | Kommenter innlegget

Plateslepp!

1. og 3. plass på Urørt si "populært-liste"

1. og 3. plass på Urørt si “populært-liste”

Fredag 6. desember hadde me plateslepp for EP-en vår på Martinique. Det var fullt hus og songane vart tatt godt imot. Høg allsongfaktor tyda på at mange hadde høyrt på smakebitane me hadde lagt ut på førehand🙂

Måndagen etterpå, 9. desember, vart EP-en sluppe digitalt. Elles er han tilgjengeleg fysisk frå oss (send oss ein epost) og platebutikken Ivar Skei i Sandnes.

Så langt har me fått svært gode tilbakemeldingar. Musikktenesta WiMP hadde EP-en som “Ukas Album” i veke 50 og to av låtane me la ut på Urørt klatra kjapt til topps på lista over populære songar!

Omtale på Dust Of Daylight
Omtale på DDCountry.no (5)
Omtale i Firdaposten (5)
Omtale hjå Johanna’s Visions

Høyr EP-en på Spotify, WiMP eller kjøp han digitalt på iTunes🙂

WiMP plukka ut Drunkards, Misfits & Losers som Ukas Album i veke 50, 2013

WiMP plukka ut Drunkards, Misfits & Losers som Ukas Album i veke 50, 2013


Erlend og Olav på platesleppet på Martinique. Foto: Elaine Hurd

Erlend og Olav på platesleppet på Martinique. Foto: Elaine Hurd

Posta under Bilete, Diskografi, Informasjon, Samarbeid | Merkt , , | Kommenter innlegget

Kor og Cash

Laurdag 23. nov. var me musikalske gjestar i høve Ljomen Blandakor sitt trettiårsjubileum. Me gjorde tre songar i lag med dei: I Still Miss Someone, The Banks Of The Ohio og A Thing Called Love. Det var veldig moro å samarbeida med dei. Hyggelege folk! Det var for øvrig full hus og vel så det på konserten🙂

Ljomen og Aaslandbros

Ljomen og Aaslandbros i Sandnes Kulturhus.

Posta under Bilete, Konsertar, Samarbeid | Merkt , , , , , | Kommenter innlegget

Aaslandbros + Olav Larsen = <3

19. til 21. september 2013 gjekk me inn i Egersound studio saman med låtskrivar Olav Larsen og teknikar Eirik Bekkeheien. Me spelte inn fire songar; ein gammal amerikansk folk-låt og tre av Olav sine komposisjonar. Alt vart spelt inn live (vokal vart lagt på til slutt).

Plata kjem ut digitalt 9. desember 2013. Tre dagar før det, 6. desember, spelar me songane på Martinique (link til FB-event).

Her er ein teaser de kan kosa dykk med enn så lenge🙂

Posta under Konsertar, Samarbeid, Video | Merkt , , , | Kommenter innlegget

Aaslandbros & Blandakoret Ljomen

I vår vart me kontakta av blandakoret Ljomen ang. samarbeid. Dei har 30-årsjubileum i år og ville gjerne ha oss med som musikalske gjestar. Det sa me sjølvsagt ja til! Erlend har arrangert tre Cash-songar for kor, blant anna A Thing Called Love frå 1972.

Konserten er i foajéen i Sandnes Kulturhus, laurdag ettermiddag kl 15.00 23. november 2013.

Posta under Konsertar, Samarbeid, Uncategorized | Merkt , , , , | Kommenter innlegget