Egersund Visefestival

Aaslandbros @ Grand Kjelleren

Foto: Bjørn Hagen Aakre


I 2011 spelte me på Hauen Kro under Egersund Visefestival. Dette slo godt an i Okka By, så me vart inviterte ned igjen i år. Me inntok Grand Kjelleren fredag 6. juli, og det var stappfullt av folk! Knallbra stemning. Me gjorde to Cash-sett med Margrethe Lunde som gjestevokalist. (Settlista finn du lenger ned her på sida.) Me kjem gjerne attende til Egersund i høve 20-årsjubileumet til festivalen neste år!

Sjekk Facebook-sida vår for fleire bilete frå konserten! facebook.com/aaslandbros
Har du bilete/video frå konserten? Ta gjerne kontakt på post@aaslandbros.com 🙂

Normalt sett har det vore tradisjon at våre venner i Bergen Mandolinband har arrangert nachspiel/jamsession på brygga bak kyrkja kvar kveld. Sidan dei dessverre ikkje vitja visefestivalen dette året, tok Aaslandbros ansvar som party-fixers og sørgja for bryggjedans til tidleg på morgonkvisten natt til laurdag og sundag.

Kjell & Jørgen speler opp til dans

Kjell & Jørgen rocker på brygga.

Dette spelte me på Grand Kjelleren på Visefestivalen:

Reklame

About Aaslandbros

Me er ein kvartett, frå Soma i Sandnes, som spelar Johnny Cash.
Dette innlegget vart posta under Bilete, Konsertar og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s