#1: Johnny Cash With His Hot And Blue Guitar

Johnny Cash gav ut 61 plater: 55 studioalbum og 6 konsertalbum. Me tenkte å ta dykk med på ei gjennomlytting av desse, i kronologisk rekkjefølgje.

Debutalbumet til Cash kom ut på Sun Records, 11. oktober 1957, og er ei slags oppsamling av singlane Cash allereie hadde sluppe frå ’55 til ’57. Dette var for øvrig ein ganske vanleg måte å laga album på i gamle dagar: Ein slapp først ei rekkje singlar, deretter samla ein desse opp, spelte inn nokre «fyll»-låter og lagde eit album av dette.

Det er ganske fascinerande å høyra at det karakteristiske «boom-chicka-boom»-lydbilete til Cash og The Tennessee Two er på plass frå første tone. På plata finn ein fleire av dei mest kjende songane til Cash, blant anna Folsom Prison Blues, Cry Cry Cry, I Walk The Line, Hey Porter, The Wreck Of The Old ’97 og So Doggone Lonesome. Cash spelte etter kvart inn nye versjonar av omtrent alle songane på denne plata, men det er moro å høyra desse tidlege, nedstrippa innspelingane med The Tennessee Two. Det er, som alltid, mykje bra vokal frå Cash på denne plata, kanskje spesielt på åpningssporet, Rock Island Line.

Favorittspor: Rock Island Line, Cry! Cry! Cry!, Country Boy, If The Good Lord’s Willing, Remember Me, I Walk The Line, The Wreck Of The Old ’97 og Folsom Prison Blues.

Wikipedia: Johnny Cash With His Hot And Blue Guitar
iTunes: Johnny Cash With His Hot And Blue Guitar

Reklame

About Aaslandbros

Me er ein kvartett, frå Soma i Sandnes, som spelar Johnny Cash.
Dette innlegget vart posta under Diskografi og merkt , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s