Sam Phillips hjå Sun nekta Cash å spela inn eit fullt gospelalbum. Då vart det for mykje for Cash, så han forlot Sun til fordel for Columbia. Dei såg potensiale i å sleppa eit slikt album, og det viste seg å vera ein suksess. Dette er Cash sitt femte album, og hans fyrste gospelalbum. Ein høyrer godt at lydbiletet er betre hjå Columbia enn hjå Sun. Albumet høyres heilt ut, både innhaldsmessig og lydmessig. Dette har sjølvsagt med at det er spelt inn i ein session, i staden for mange spredte studiosessions, slik Sun opererte. Hjå Sun vart det spelt inn singlar, som deretter vart sluppe og seinare, gjerne fleire år etterpå, sett saman til album. Dette albumet er spelt inn på tre dagar. I løpet av desse dagane spelte dei inn alle låtane til Hymns by Johnny Cash og The Fabulous Johnny Cash, i Bradley Film & Recording Studio, Nasville, Tennessee.
Sjølv om det er eit gjennomført religiøst album, appelerer det likevel til oss hedningar: Røysta til Cash er som alltid fantastisk, bandet er samspelt og lydbiletet er friskt. Cash balanserer mellom eigne songar, coverlåter og tradisjonelle salmar.
Favorittspor: It Was Jesus, The Old Account, Lead Me Gently Home, Lead Me Father, I Call Him og He’ll Be A Friend.
Wikipedia: Hymns by Johnny Cash
iTunes: Hymns by Johnny Cash
Tilbakeping: #12: Hymns from the Heart | Aaslandbros