Ride This Train er Cash sitt andre konseptalbum (det første var Songs of Our Soil). Lydbiletet er ganske variert; det er ikkje berre boom-chicka-boom som går igjen. Sampling av tog durer i bakgrunnen svært ofte, Cash har lange (alt for lange) introduksjonar til fleire av songane, og det er mykje flott å høyra frå Johnny Western på akustisk gitar. Togduringa i bakgrunnen og monologane til Cash blir fort litt keisame, men når låtane kjem igang svingar det svært godt av bandet og Cash.
Favorittspor: Loading Coal og Going to Memphis.
Wikipedia: Ride This Train
iTunes: Ride This Train