#12: Hymns from the Heart

Dagens album er Hymns from the Heart, den andre gospelplata til Cash. Dette albumet er mykje meir tradisjonelt og salmeprega enn den førre gospelplata. Mindre boom-chicka-boom, meir salmesong, orgel og vibrafon rett og slett. På ein måte rolegare og kanskje meir keisamt. På ein annan måte, trygt og koseleg. Stemmen til Cash er uansett, som alltid, fantastisk å høyra på. Dette er for øvrig den første plata W.S. Holland spelar trommer på. Han vart Johnny Cash sin trufaste trommis resten av karrieren. Cash var på denne tida langt nede pga. amfetaminavhengigheit, alkohol og lange, harde turnéar. Han levde så langt frå songane han song på denne plata som mogleg.

Favorittspor: He’ll Understand and Say Well Done, I Got Shoes og These Hands

Wikipedia: Hymns from the Heart
iTunes: Hymns from the Heart

Reklame

About Aaslandbros

Me er ein kvartett, frå Soma i Sandnes, som spelar Johnny Cash.
Dette innlegget vart posta under Diskografi og merkt , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s