Denne plata er ei oppsummering av dei fyrste åra hjå Columbia, men er likevel ikkje ei rein samleplate, som tittelen indikerer. Her finn ein fleire singlar og eit par kuriositetar som t.d. kjenningsmelodien til TV-seriane The Rebel Johnny Yuma og Bonanza! Det viktigaste er kanskje at denne plata inneheld Ring of Fire, ein hit som var sårt trengt av Cash på denne tida. Han var langt nede pga. amfetamin og hadde ikkje hatt ein hit sidan slutten av 50-talet. Columbia var klare til å droppa Cash dette året, hadde det ikkje vore for den songen. Det er uansett ei veldig bra plate, men mange flotte songar. Anbefales!
Favorittspor: Ring of Fire, I’d Still Be There, What Do I Care, The Rebel – Johnny Yuma, Bonanza! og Tennessee Flat-Top Box.
Wikipedia: Ring of Fire: The Best of Johnny Cash