Det nærmar seg sommar og ein relativt aktiv periode for Aaslandbros. 11. juni 2008 spelte me vår fyrste Cash-konsert på Thime Station. Fem år seinare er det på plass med eit jubileum (synes me) derfor inviterar me til jubileumskonsert på Thime Station (sjølvsagt) 12. juni! Det blir mange gjestar, blant anna Anita Bekkeheien, Knut Engelsgjerd og ikkje minst HellHorns (Ole Ellingsen og Jon Eirik Steinstø). Tilfeldigvis er dette og den hundrede Cash-jobben me gjer!
Men før den tid blir det ei anna feiring: I høve femårsjubileumet har Erlend og Jørgen tinga signaturgitarar frå sjølvaste Strand Guitars. Odd hjå Strand har vore etter oss lenge og spurt om dei ikkje skulle laga gitarar til oss. Når me byrja å tenkja på jubileumet fant me ut at tida var inne for å gjera noko med gitarplanane. 7. juni drar me til Jørpeland for ei meir eller mindre høgtideleg overlevering av Aaslandbros-gitarar. Me gjer òg ein konsert der på kvelden for å markera overleveringa 🙂
Elles kan me be folk om å setja av fredag 13. september 2013. Då kjem me til å laga i stand ein skikkeleg femårsfest! Det blir mange, mange gjesteartistar og eit spesialsydd repertoar 🙂 Noter datoen med ein gong!