For ein fest!

Etter me feira vår hundrede konsert på Thime Station i juni, lova me å halda ein skikkeleg fest til hausten. Det skjedde på Folken, 13. september 2013. Me inviterte med oss ein haug vennar og laga eit show med tretti songar og nitten folk på scenen 🙂 Camilla Rosenlund laga ein nydeleg plakat og ein tøff backdrop.

Camilla Rosenlund laga ein nydeleg plakat.

Camilla Rosenlund laga ein nydeleg plakat.

Arne Andersen, vår trufaste lydmann, sørga for fantastisk lyd både på scenen og i salen. Stig Runar Solli sørga for framifrå lyssetting. Vår gode ven Eirik Halvorsen tok mange flotte bilete (sjå nedst i dette innlegget). Einar Stenseng gjorde ei fantastisk tolking av The Ballad of Ira Hayes. Trond Eltervaag Hansen var med på duetten The Girl From North Country:

Olav Larsen gjorde Highway Patrolman (frå plata Johnny 99), Hege Kristin Kjærvoll (som har vore med oss som June mange gonger) var med på Jackson, Margrethe Lunde (som òg har vore med oss some June mange gonger) var med på If I Had a Hammer. Anita Bekkeheien var sjølvsagt òg med på ei rekkje duettar, og saman med Mariann Bjørnelv var alle fire damene med på nydeleg Carter Family-koring! Me hadde òg fått med oss Martin og Kristian (kjent som Poor Edward) på nydelege harmoniar. I tillegg til alle desse flotte folka vart me forsterka på piano (Johnny Engelsvoll), gitar (Knut Engelsgjerd), fele (Lillian Kristin Hodne), trompet (Ole Ellingsen og Jon Eirik Steinstø) og steelgitar (Øyvind Berekvam) som alle gjorde ein utruleg bra innsats.

Som ekstranummer gjorde me Daddy Sang Bass med samtlege musikarar på scenen. Det var magisk 🙂

Me hadde vel aldri sett føre oss at me så og seie skulle fylla opp Folken. Dette vart ein kveld me kjem til å hugsa resten av livet! Takk!

Reklame

About Aaslandbros

Me er ein kvartett, frå Soma i Sandnes, som spelar Johnny Cash.
Dette innlegget vart posta under Bilete, Konsertar, Samarbeid, Video og merkt , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s