Fredag 6. desember hadde me plateslepp for EP-en vår på Martinique. Det var fullt hus og songane vart tatt godt imot. Høg allsongfaktor tyda på at mange hadde høyrt på smakebitane me hadde lagt ut på førehand 🙂
Måndagen etterpå, 9. desember, vart EP-en sluppe digitalt. Elles er han tilgjengeleg fysisk frå oss (send oss ein epost) og platebutikken Ivar Skei i Sandnes.
Så langt har me fått svært gode tilbakemeldingar. Musikktenesta WiMP hadde EP-en som «Ukas Album» i veke 50 og to av låtane me la ut på Urørt klatra kjapt til topps på lista over populære songar!
Omtale på Dust Of Daylight
Omtale på DDCountry.no (5)
Omtale i Firdaposten (5)
Omtale hjå Johanna’s Visions
Høyr EP-en på Spotify, WiMP eller kjøp han digitalt på iTunes 🙂