Utfordring frå teatret og Folken!

Rundt joletider i fjor fekk me ein artig forespørsel: Rogaland Teater og Studentersamfunnet Folken ville gå saman for å laga ein hyllestkonsert til Tom Waits. Spørsmålet var: Hadde Aaslandbros lyst til å vera husband og stå for det musikalske? Me likar utfordringar, så me takka så klart ja! Me har tross alt spelt hundrevis av Cash-konsertar. Det kan vera greitt med eit musikalsk avbrekk av og til 🙂

På ganske så nøyaktig to månadar sette me saman eit Tom Waits-show med ei lang rekkje gjesteartistar. Me hyrte inn Dag Sindre Vagle (Helldorado) som hovudvokalist og pianist, og utvida besetninga vidare med Hallstein Otnes på perkusjon og Ole Ellingsen på messingblås og perkusjon. Vidar Schanche på frijazzsolo på ein låt. I tillegg fekk me med oss Einar Stenseng, Jonathan Hall, Olav Larsen, Randi Tytingvåg, Roald Hellum Madland og Silje Vige som gjestevokalistar.

15. februar 2014 fekk 520 publikumarar servert 108 minutt med Tom Waits-songar i eit repertoar som spente over heile tolv album. For å skapa den ultimate Tom Waits-stemninga hadde me fått tak i ei rekkje instrument. Over 27 ulike typar instrument befant seg på scenen, blant anna bass-saksofon, 125 kg ambolt, waterphone, sag og pumpeorgel. Elles så synes me det var utruleg stas at teatret ordna konfetti til Make It Rain 🙂

Me hadde så klart med oss vår trufaste konsertfotograf, Eirik Halvorsen, og ikkje minst aller beste Arne Andersen på lyd.

Kort oppsummert vart dette eit hektisk, men utruleg moro sideprosjekt for oss. Veldig kjekt å samarbeida med teatret og Folken!

Jan Zahl frå Stavanger Aftenblad var på konserten. Les om det her: aftenbladet.no

Vokalisten

Dag Sindre på gitar og vokal. Foto: Eirik Halvorsen.

Blåserekkje

Blås er viktig når ein spelar Tom Waits. Foto: Eirik Halvorsen.

Killkenneth

Kenneth, her som perkusjonist. Foto: Eirik Halvorsen.

Schanchen

Vidar stakk innom og gjorde ein kickass gitarsolo. Foto: Eirik Halvorsen.

Roald!

Utruleg kjekt å ha med Roald på lydeffektar og vokal. Foto: Eirik Halvorsen.

Hellhorn

Eitt stykk Hellhorn på blås! Foto: Eirik Halvorsen.

Jonathan

Gjestevokalist Jonathan Hall. Foto: Eirik Halvorsen.

Silje

Silje var gjest på to flotte balladar. Foto: Eirik Halvorsen.

Olav Larsen

Olav kom innom og gjorde ein av Waits sine tidlege countryballadar. Foto: Eirik Halvorsen.

Stenseng

Einar leverer alltid varene. Og meir. Stas! Foto: Eirik Halvorsen.

Tytingvåg

Randi gjorde to nydelege tolkingar av Tom Waits. Foto: Eirik Halvorsen.

Avslutningsnummer

«In The Neighbourhood». Foto: Eirik Halvorsen

Waterphone

Hallstein og waterphonen. Foto: Eirik Halvorsen

Stoffi

Fundamentet i bandet: Christoffer. Foto: Eirik Halvorsen

Full sal på Folken

Full sal og god stemning. Foto: Eirik Halvorsen

Reklame

About Aaslandbros

Me er ein kvartett, frå Soma i Sandnes, som spelar Johnny Cash.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s