I høve femårsjubiléet vårt i 2013 vart Jørgen og Erlend einige om at det var på sin plass å tinga gitarar frå Strand Guitars. Me starta planlegginga saman med Odd hjå Strand i januar 2012 og gjennom mange diskusjonar vart me einige om spesifikasjonane til ein telecaster og ein akustisk gitar. Begge gitarane fekk same visuelle layout:
- Cherry sunburst lakk
- Kremkvit binding
- Kremkvitt plekterbrett
- AASLANDBROS innlegg i gripebrett
Jørgen gjekk for ein dreadnought i indisk palisander, lokk i sitka gran og mahogny hals. Erlend gjekk for ein telecaster i sumpask og lønnehals. Begge gitarane fekk ibenholt gripebrett med perlemor innlegg.
Me fekk òg Marius Mellebye til å laga to flotte lærreimer til gitarane.