At Folsom Prison er det andre comebacket til Cash, men det er òg eit av dei kraftigaste vendepunkta i karrieren hans. Cash hadde nettopp kome seg ut av sitt fyrste ekteskap, han hadde nesten fått kontroll på dopavhengigheita si, og han skulle snart bli gift med June Carter. Idéen om å laga ei fengselsplate hadde Cash hatt i mange år, men det var fyrst no han fekk lov til det, pga. endringar hjå Columbia Records. Plata har blitt eit monument i musikkhistorien, og ei av dei viktigaste liveplatene som finst.
Lydbiletet på plata er usminka, rått og direkte, noko som passar godt til den grove røysta til Cash. Dette viser at Cash og bandet verkeleg kunne rocka som liveband. At Folsom Prison er ei av dei viktigaste inspirasjonskjeldene for lydbiletet til Aaslandbros og følgjeleg eit av favorittalbuma våre 🙂
Favorittspor: Folsom Prison Blues, Busted, Cocaine Blues, 25 Minutes To Go, Orange Blossom Special, The Long Black Veil, The Wall, Jackson, Give My Love To Rose, I Got Stripes og The Legend of John Henry’s Hammer.
Wikipedia: At Folsom Prison
iTunes: At Folsom Prison