#31: At San Quentin

Etter suksessen med At Folsom Prison bestemte Cash og Columbia seg for å gjera ei ny live fengselsplate. Resultatet vart At San Quentin. Her var fangane ennå meir rebelske og ein kan høyra at stemninga er svært spent på opptaket. Luther Perkins hadde omkome i ein brann i august 1969 og var nå erstatta av Bob Wootton. Wootton hadde vore ein fan av Cash i lang tid, og kunne alle songane på rams. Han hadde ein litt røffare spelestil, noko ein høyrer godt om ein samanliknar At San Quentin og At Folsom Prison. I tillegg gjorde han små endringar og la til små riff til songane, noko som spritar opp dei gamle klassikarane (legg merkje til kva han gjer på Folsom Prison Blues når songen returnerer til E-dur etter A-dur). Denne plata er ei svært stor inspirasjonskjelde for Aaslandbros, både når det kjem til songval, lydbilete og attityde 🙂

Favorittspor: Big River, I Still Miss Someone, Wreck Of The Old ’97, I Walk The Line, I Don’t Know Where I’m Bound, San Quentin, Wanted Man, A Boy Named Sue, Folsom Prison Blues og Daddy Sang Bass.

Wikipedia: At San Quentin
iTunes: At San Quentin

Reklame

About Aaslandbros

Me er ein kvartett, frå Soma i Sandnes, som spelar Johnny Cash.
Dette innlegget vart posta under Diskografi og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s