#6: Songs of Our Soil

Flesteparten av songane på Songs of Our Soil handlar om dauden på ein eller annan måte, noko som på gjer dette til ei slags konseptplate. Sjølve innspelinga vart gjort i løpet av ein dag, utanom Drink To Me og It Could Have Been You (Instead of Him) som vart spelt inn når dei to førre platene hans på Columbia vart laga. På denne tida var Cash blitt avhengig av sovepiller og amfetamin, noko han har sagt førte til at han tenkte mykje på dauden. Dette er ei jamt over sterk plate med mange gode songar, og nesten alle er skrive av Cash sjølv. Likevel er det få av songane som har hitpotensiale; den mest populære singelen var Five Feet High and Rising som klatra til fjortande plass på countrylistene på Billboard. I vår meining er det lagt på litt for mykje koring på denne plata. Til dømes vert Hank and Joe and Me, som eigentleg er ein utruleg mørk song, øydelagt av den lystige koringa.

Favorittspor: Five Feet High and Rising, The Great Specled Bird, I Want To Go Home, The Caretaker og Don’t Step On Mother’s Roses.

Wikipedia: Songs of Our Soil
iTunes: Songs of Our Soil

Reklame

About Aaslandbros

Me er ein kvartett, frå Soma i Sandnes, som spelar Johnny Cash.
Dette innlegget vart posta under Diskografi og merkt , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to #6: Songs of Our Soil

  1. Tilbakeping: #8: Ride This Train | Aaslandbros

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s